logo top
navn logo    

OM GARDEN

Velkomen til Botnen Gjestetun - servering og overnatting.
Garden ligg i idylliske omgjevnader i den vesle, veglause grenda Botnen inst i Fyksesundet. Garden er i drift store delar av året, med både husdyrhald og servering.

Servering:
I det koselege stabburet på garden vert det servert god, heimelaga mat. På middags-menyen står mellom annet hjort, lam, fjellaure og skotsk høglandsfe, som har beita i stølsheimen heile sommeren. Kaker og dessertar serverast òg.

Sesong:
1. mai til 30. oktober.

Kapasitet:
50 personar.
Stabburet er todelt og kan nyttast kvar for seg eller saman.

For større lag er det mogeleg med servering i Løa. Der er det plass til om lag 100 personar.

På godvèrsdagar kan serveringa føregå ute.

 

"Alternativ bondevett" - Ragnar Botnen er ikkje som andre bønder. Når han skal mate dyra er det på luftigste vis. Og i seksti knopp.
-- Les meir frå Bergens Tidende 1. feb. 2010

Marit Botnen, Einarhaugen 34, N- 5610 Øystese, Norway / Tlf. Mob.+47 90032785 E-post: marit@botnengjestetun.no